Tusen tonar

Vi hadde gått av flyet, tok eit tog, og eit anna tog, feil tog, tok det tilbake att, og eit nytt tog, det

rette, gjekk eit sykke rundt i Tokyo, og der stod han, på hjørnet av eit kvartal fullt av

elektonikkbutikkar, han vi skulle bu hos, og der skal vi bu sa han og peika, og vi gjekk, og der

skal vi sove sa han og peika, på golvet, og no skal vi på konsert. Kven skal spele, spurde eg. Ti

band, sa han, mellom anna mitt eige. Det er alltid slik her borte, minst fem band kvar kveld,

helst ti. Eg undra på om eg kom til å få sjå ein slik galen konsert med nakne menneske som spyr

på publikum. For det hadde eg sett på internett, den japanske delen av internett.

Vi hadde sommartid i Noreg og her trong dei ikkje sommartid, og eg visste ikkje heilt kvifor vi

trong det heime heller, det er jo alltid så ljost ute i Noreg om sommaren. Vi låg sju timar etter

Japan og når noko hende her borte ville det samme hende i Noreg sju timar etter. Sjølv om eg

visste det ikkje var heilt slik det var, så tenkte eg at dei burde ringt oss for å fortelje om

vanskelege ting vi hadde i vente, slik vi kunne ha sju timar, og nokre gongar åtte timar, for å

førebu oss på det vanskelege som skulle komma. Eg visste jo at det ikkje var slik det var, men

eg tenkte det, og no hadde eg ikkje sove på godt over tredve timar og auga mine duppa opp og

igjen og eg venta berre på at han eg budde med skulle få spele konserten sin, slik eg kunne sjå

kva for ein type han var. Bandet skulle snart spele, og dei sjekka instrumenta sine, og lyden i

trommene, og i vokalisten sin mikrofon, men augene duppa oftare og oftare og dei sjekka at dei

hadde lyd i alle instrumenta sine, og eg duppa.

Den kvite kappa.


Da eg vakna sat det ei ung jente oppe på scena. Sjølv om eg ikkje kunne vite kor ung ho var, så

tenkte eg meg at ho var på min alder, og det er vel kanskje ikkje så ungt lenger, men eg likte i

alle fall å tenkje at ho var på min alder og at vi båe framleis var unge. Ho hadde ei stor og

tradisjonell kvit kappe kring seg, og det var noko forførande med kappa der ho strålte i ljoset

frå scenelampene, og fortalde om tradisjonar eg ikkje kjende til, og gjøymde dei nervøse

bevegelsane til ho som sat inne i kappa og gjorde seg klar til konsert. Ho var vel på min alder,

ho som sat der og byrja spele melodiar ein kunne ha spelt på berre dei svarte tangentane, slik

ein gjerne gjer om ein skal late som om ein spelar japansk musikk, også song ho så følsamt med

ein stemme som ikkje var ein slik skrikande og nasal stemme eg hadde høyrt så mange gongar

hittil, nei ho song med ei djup og sår stemme som tok i bruk vibrato på just dei rette stadane, og

eg tok til å føle medan ho satt der og følte. Eg visste ikkje kva ho song om, men eg kunne føle

det, og ho pusta djupt mellom strofene og brystkassa heva og senka seg der under den strålande

kvite kappa, ja kva skjulte seg vel under der tenkte eg, kor kappa heva og senka seg og gjøymde

noko, og eg følte det samme som ho følte og eg visste ikkje kva vi song om og kva vi følte på,

men vi kjende på det samme.

Eg ville helst ho song om ein geisha frå gammalt av, som var ulykkeleg forelska i ein samurai,

og ulykka kom ikkje over at han ikkje elska ho tilbake, for det gjorde han, nei dei var ulovleg i

saman dei to, for dei kom i frå ulike klassar, og hadde ikkje lov til å vere saman, men det var

dei likevel. Dei var saman på løynde plassar i kveldinga, under trea i skogen og oppe i ein kulp

ved elvemunninga bada dei nakne ilag medan familiane deira trudde dei var ute på heilt andre

ærend. Samuraien tok ho med seg på hesteryggen for å sjå på kirsebærblominga og han visste

om ein stad kor ein kunne sjå dei rosa trea frå den vakraste sida, med den sterkaste fargen, i det

gulaste ljoset, og der låg dei i graset og alt vart rosa kring dei, alt vart rosa inni dei, og snart

skulle alle desse blomane bli etanes og søte kirskebær, eit frø til eit nytt tre som skulle halda

syklusen i gong, og dei visste det ikkje enda, men snart skulle også det rosa inni dei verte eit

nytt frø som heldt syklusen i gong, og dei låg i gresset og alt vart rosa.

Alle slike historier gjeng skeis ein eller annan gong, og dei vart jo teken, det vart dei, dei måtte

jo det, ein dag dei ikkje kunne halde hendene frå kvarandre, dei vart teken oppe i klokketårnet i

eit tempel mellom marknaden og byporten ein måtte gå igjennom om ein skulle komme seg inn

i byen. For den var omkransa av ein mur med voktarar oppe i alle tårna som speida etter

framande folk, og ein av dei speiderane hadde satt seg ned for å ete, med ryggen til dei

langstrakte åsane utanfor byen, slik ein ikkje skulle gjere, da han såg at noko hende oppe i

klokketårnet i tempelet, der bortover mot marknaden. Der inne var det nokon i ei kvit og

strålande kappe som låg, og alle som hadde lov til å vere der oppe i klokketårnet, dei skulle ha

på seg raud kappe, så noko var ikkje riktig, og dei sjekka tårnet og der vart dei teken, og kappa

den låg på gulvet, slik ei slik kvit kappe ikkje skal gjere, men kappa hadde ikkje kropp å vere på

og måtte ligge der på gulvet, rett ved sida av dei to som vert teken.

Han hadde brote med samuraianes æreskode, og for å halde på æra til familien hadde han berre

eit val, og måtte drepe seg sjølv med kniv i ein stor sermoni ein ikkje kunne sjå var ei

henretting utan vidare, for dei hadde pynta med blomar og alle hadde vakre raude og svarte

kapper, alle utanom han som skulle døy, han hadde ei kvit og strålande kappe som snart skulle

verte raud den óg, men det var framleis ei henretting og om han ikkje klarte å gjere jobben

sjølv, stod det ein annan samurai klar bak ryggen hans med eit langt sverd heva langs med

anletet.


Ho hadde bedt han om å flykte frå byen, ho kunne bli med han på hesteryggen til ein annan

stad, kor dei kunne leva eit tilbaketrukke liv i saman, og ho trong ikkje vere geisha og han trong

ikkje vere samurai, dei trong berre kvarandre, berre vere ilag, og dei visste det ikkje enda, men

dei kunne ha flykta og levd eit tilbaketrukke liv alle tre, ein heilt annan stad, kor

kirsebærblominga var så rosa ho kunne bli, og dei tre kunne springa rundt i engene og dei

hadde ikkje trengt å vere samurai eller geisha, nei dei ville berre trenge kvarandre, og ho hadde

bedt på sine kne og grete og sagt dei rakk det i kveldinga om dei pakka med ein gong, men han

sa han framleis var ein samurai, og alltid ville vere ein samurai og da hadde han berre eit val,

sjølv om han elska ho og ikkje kunne tenkje seg noko betre enn å leve eit tilbaketrukke liv i

saman, ein annan stad, så kunne han ikkje gjere det, for han ville alltid vere ein samurai sa han,

og så peika han på hovudet sitt, for å seie at det var noko der inne han ikkje kunne flykte frå,

samme kor langt dei rei på hesteryggen, og samme kor rosa kirsebærblominga var, så var det

noko der inne han ikkje kunne flykte frå.


Han måtte stikka ein kniv laga berre for det føremålet inn i buken sin, med den høgre handa

måtte han stikke den inn i den venstre sida av buken og dra knivseggen heile vegen fra venstre

mot høgre, og han laga ingen lyd medan han gjorde det, han berre pusta tungt og stramma

kjakemusklane medan han stakk kniven inn i buken og drog den mot høgre, slik at æra til

familien ikkje forsvann, det var berre han som forsvann, og det gjorde han med æra til familien

i behald, og kor var det vel han forsvann, kor var han no, for det var ikkje han som låg der på

gulvet i den kvite og raude kappa, nei dét var berre eit skall han ein gong hadde fylt, og no var

det berre ho igjen, og ho visste det ikkje enda, men no var det berre dei to att.

Etter eit år hadde kirsebærblominga nok ein gong dekt alle åsane i eit rosa klede, og ho hadde

flytta til ein annan stad, ein stad kor dei ikkje visste kven ho var, og ho trong ikkje vere geisha,

og no var ho berre ei einsleg mor med ein far som var svunnen i krigen, og dei to sat der oppe i

åsen, han låg i hendene hennar, og dei skua ut over dei rosa blomane, men ikkje frå den

vakrasta sida, ikkje med den sterkaste fargen, og ikkje i det gulaste ljoset, nei no hadde alle

blomane eit grått slør over seg, og ho sang om sin kjære, ho sang så djupt og sårt for han som

låg i hendene hennar, slik han skulle vite kvifor det berre var dei to att, og han låg der i hendene

hennar medan ho song og gret sølvfara tårer som rann ned over kjakane og draup ned på den

kvite, strålande kappa, og dei rann nedover kappa i bogar og sirklar og vart værande der, veven

inn i stoffet var dei sølvfarga tårene, i bogar og sirklar, dei strålte og ljoste dei stripene, men dei

strålte på ein annan måte enn før, og no strålte dei i ljoset fra scenelampene, og no visste eg

kvifor ho som sat der oppe på scena følte så mykje, i den kvite og strålande kappa, med nokre

sølvfarga trådar veven inn over akslane og ned over brystkassa som heva og senka seg, og kva

skjulte vel seg ikkje under den kappa.


Det starta med berre litt jazz.


Det hender ganske ofte at folk spør meg korleis eg byrja med slik musikk eg driv med. I ei slags

blanding mellom genuin nysgjerrigheit og ei underliggjande vantro over at eg verkeleg klarar å

like det eg driv med, spør dei meg som ein politietterforskar ville ha gjort, ein som prøver å

finne eit hol i historia mi, slik at dei kan påpeike det og seie at, jaha, det er vel eigentleg berre

eit skodespel heile greia, er det ikkje det, eg tykkjer i alle fall det, har dei lyst til å seie. Også er

det nokon som ikkje bit på historia mi samme kva eg sei, dei som ristar på hovudet og seier at

det sikkert berre er eit tilfelle av kongens nye klede, og på den måten kan dei unngå å

innrømme at det er dei som ikkje skjønar kva eg driv med, men heller seie at det er eg som

ikkje skjønar kva eg driv med, eller rettare sagt sei dei at eg trur eg veit kva eg driv med, men

eigentleg er vi alle nakne der oppe på scena, vi er nakne og kan ikkje sjå det, for vi trur vi har

på oss klede, og vi skryt av kleda til kvarandre, sjølv om vi ikkje har på oss noko. Det er nett

det dei sei, dei som ikkje trur eg verkeleg meinar det eg driv med, og det finnst jo ein del av dei.

Eg vart avbilda i avisa ein gong, og i intervjuet hadde dei spurd meg korleis eg vart fasinert

av den sære musikken, og eg la ut ei lang historie, men dei som les avisa vil ikkje ha nokre

lange historier, nei dei vil ha korte historier. Hadde dei ynskt seg lange historier ville dei ikkje

kjøpt ei avis, nei da hadde dei kjøpt seg ein roman, og avisene veit det, dei veit kva lesarane vil

ha. Dei vil ha korte historier, og heile historia mi, den lange, den kutta dei ned til ei enkel

overskrift, og der stod eg, på framsida av del to i avisa, med ein gitar i handa, rett ovanfor

overskrifta som sa at det starta med berre litt jazz, og så fortalde dei ei kort historie om kor galt

det kan gå, nett som ein kampanje mot narkotika skreiv dei det, ja det starta berre med eit trekk

på ein fest, og sjå på han no, no søv han ute på gata og har teke all narkotika ein kan ta, nett slik

var overskrifta, det starta berre med litt jazz, etterfulgt av ei kort historie om korleis det starta,

og kva eg driv med no, som eit slags varsku til alle foreldrene som las avisa, det er jo mest

foreldre som les avisa, om at dei måtte halde øyrene åpne om kveldane, og ta ein alvorsprat

med borna deira om dei høyrer jazz der nede frå kjellaren, og det var jo nett slik det starta for

min del. Etter kvart vart jazzen sterkare og særare, heilt til det ikkje var jazz lengre, men noko

heilt anna, samstundes som eg byrja høyre på samtidsmusikk og eg hugsar framleis den fyste

gongen eg høyrde Beethovens siste strykekvartettar, dei som kallast dei gale kvartettane kor

folk berre rista på hovudet og sa at no hadde han Beethoven vorte skikkeleg døv, ikkje berre

tunghøyrd, nei no hadde det klikka for han. Dei sa til meg på skulen også, at det vi høyrde på

var Beethoven på kjøret, og eg sat der i klasserommet og tenkte at det der var heilt perfekt, det

var jo slik det skulle låte. Sjå på han no tenkjer nok foreldra som les avisa, også sei dei til

kvarandre der heime ved kjøkkenbenken eller i stova at det kan no gå mange vegar med folk.

Eg veit dei sei slikt til kvarandre. Ein gong kom det bort ein gut eg gjekk på borneskulen med

og sa det til meg, eg hadde ikkje sett han sidan vi var elleve eller tolv og han kom bort til meg

og sa at det var lenge siden, ja kjekt var det å sjå meg også, men korleis gjekk det eigentleg med

meg, spurde han om, for mora hans hadde sagt det hadde klikka for meg, ja det var i alle fall det

ho trudde, for ho hadde lest noko i avisa. Eg vart fyst litt såra, så tykte eg det berre var

morosamt, for eg tenkjer jo det samme så mange gongar sjølv. Eg sat jo slik i salen eg óg.

Korleis endte du opp her, tenkte eg. Korleis starta du å lage erotiske dukketeater for

rockeklubbar i Tokyo? Gjekk på teater ein gong i tida, eller på ein teaterhøgskule, der du lærte

om dei klassiske teaterteoriane? Korleis gjekk det til at du no står på ei scene og speler erotiske

dukkeeventyr, som ein gong inni mellom vert avbrote av ein eller annan opera, og den

operadelen vert avbrote av noko stønning som skulle likne på ein orgasme, før det heile

plutseleg hoppa tilbake til skodespelet, og historia om ei dame som etter alt eg forstod var djupt

forelska i ei krokodille, eller kanskje ein dårleg teikna drage. Heile den prosessen skulle eg likt

å vite meir om. Eg vil iblant gå bort til nokon og spørje dei korleis havna du her? Korleis byrja

du med det her?


Det kan verke som eit overfladisk spørsmål å stille nokon, det å spørje korleis dei byrja

med det dei driv med, for eg har aldri sett nokon fotballspelarar bli spurd på tv om korleis dei

endte opp med å spele fotball, alle spelar jo fotball. Ikkje spør dei handballspelarar eller

popmusikarar eller konsertfiolinistar om det heller, nei ein spør dei helst kva dei ville ha vore

dersom dei ikkje var nett det dei var. Eg har enda ikkje høyrd nokon svare noko verkeleg

overraskande eller interessant på det spørsmålet, moglegens forutan fotballspelaren Peter

Crouch, ein britisk fotballspelar som var kjend for å vere særskild stygg, ja det er ikkje ofte ein

kan vere åpen om det i media, men han var kjend som Englands styggaste fotballspelar, og han

fekk også det spørsmålet ein gong, om kva han trudde han ville ha vore om han ikkje var

fotballspelar, og da svarte han at han ville ha vore jomfru, og eg tenkte at det kunne jo hende

han byrja lage erotiske dukketeater for utsolgte rockeklubbar i Tokyo.


Nirei-Nihakushu 


I ei av pausene prøvde eg å seie til han som hadde spelt trommer at eg tykte han spelte fint. Han

forstod ikkje noko engelsk, men han prøvde på sin måte å seie at eg såg ut som ein skikkeleg

rockar, det var i alle fall det eg trudde han prøvde å seie. Han spurde meg om noko eg ikkje

skjønte heilt kva var, og så bukka han og vart værande i den samankrøkte stillinga, og eg måtte

jo berre bukke eg og, for det var jo slik ein gjorde her borte, og da spurde han om det samme

ein gong til, og bukka enda djupare. Eg kunne ikkje vere noko mindre høfleg, og bukka

djupare, også hende det samme to gongar til, og da sat vi nesten på knea våre. Eg tykte det

heilte byrja å sjå noko merkeleg ut, men han spurte igjen og den gongen var han så langt nede

at da han bukka, tok panna hans helt nedtil knea, og eg visste ikkje om eg berre skulle leggje

meg heilt ned på bakken, for å komme han i forkjøpet. Heldigvis kom nokon inn for å oversetje

samtalen, og han hadde visstnok spurd om han fekk ta meg i handa, og det skulle jo han få lov

til, så vi tok kvarandre i hendene, også bukka vi igjen.


Brian og Frosken. 


Eg har aldri heilt forstått dei banda som tek til å skulle lære seg nye songar midt i en konsert,

slik eg opplevde på Roskilde ein gong i 2009, da eg såg Brian Jonestown Massacre. Eg visste

ikkje så mykje om bandet på førehand, men i festivalprogrammet stod det at dei spelte musikk

frå seksti- og søtti-talet, blanda saman med mange andre skildringar som gjorde at eg vekta alle

dei moglege konsertane eg kunne sjå den natta opp mot kvarandre, og fann at Brian Jonestown

Massacre, ja det var den konserten som vog tyngst. Eg kunne nok ikkje ha lest heile skildringa,

for det stod også noko i programmet om korleis bandet hadde ein rabiat vokalist, som nokre

gongar klikka heilt i vinkel på både publikum og sine eigne bandmedlemmar, og den kvelden

eg skulle sjå dei var det ikkje noko unntak, nei, etterkvart vart han sinna for noko, og byrja sloss

med nokon i publikum og etter at det hadde roa seg var han borte ei lang stund, før han kom

tilbake og kjefta noko valdsamt på han som hadde ansvaret for scena, fordi Roskilde hadde ein

ruspolitikk kor musikarane ikkje fekk lov å vere rusa. Ikkje fekk dei lov til å promotere rus

heller, og no stod han der og kjefta og promoterte rus og han var nok ganske rusa tenkte eg for

meg sjølv. Han tok så til å sloss med han som hadde ansvaret for scena, før han noko seinare

kjefta meir på oss i publikum, og spurde kvifor vi ikkje var ute i telta våre og hadde sex med

framande jente, kvifor vi heller ville vere på konsert og sjå på penisen hans, og så drog han

fram penisen og snurra litt rundt på den, og etter at eg ikkje trudde at konserten kunne verte

noko mindre konvensjonell, spraka han pianisten i bandet og gav han ein god tupp i baken på

veg av scena også, før han satt seg ved pianoet og skulle lære resten av bandet ein ny song. Alt

saman medan vi stod og venta, ja lenge måtte vi vente også, for nokre gongar duppa han av,

rusa som han var, og da spelte berre bandet vidare på den siste akkorden han hadde gjeve dei,

heilt til han vakna igjen og gav dei ein ny akkord å spele. Slik heldt dei på, midt på natta, heilt

til konserten hadde vart i gode tre timar og han som var den rabiate frontfiguren slukna på

scenegolvet, bevisstlaus var han visst, og det var den fyste gongen eg fekk sjå nokon lære seg

nye songar under ein konsert, rett framfor auga på publikum.

Den konserten eg såg no var også ein slik konsert kor folk skulle lære seg nye songar medan vi

sat og venta, og ho som spelte trommer var ikkje så veldig mykje betre enn meg, og eg er ikkje

noko flink, berre så det er sagt. Ho kunne halde takta ei lita stund lengre enn meg, men ikkje så

mykje lengre enn det eg kan klare å trikse med ein fotball, og det er heller ikkje lange stunda.

Eg trur trikserekorden min er på 35, så ho spelte ikkje lange stunda før ho datt ut av rytma og

dei måtte byrja på nytt, og eg skjønte at noko var galt da han som spelte på eit rullebrett med

oppspende gitarstrengar tok til å fortelje vitsar det berre var han som lo av. Vitsane vart heller

ikkje noko morosamare av at det berre var han som lo, og så prøvde dei å spele starten på enda

ein song dei måtte bryte opp like etter.


Stormande inn døra kom ei middelaldrande dame og ropte og hoia og eg tenkte at ja no kjem ho

dei venta på, no kan dei byrja med det dei eigentleg skulle gjere, og ho som hadde storma inn

døra tok av seg sekken og bagen og ytterjakka og skjørtet sitt og toppen på overkroppen og eg

tenkte at no måtte ho snart ta til å slutta å ta av fleire plagg, for det var ikkje så mange plagga

igjen på kroppen, men ho tok av seg stilongsen og trøya også, heilt til ho stod der i berre BH og

ei veldeg gjennomsiktig strømpebukse med ei truse utanpå, og alt ho hadde på seg var rosa,

men det var jo ikkje så mykje ho hadde på seg.


Opp av ryggsekken sin tok ho ei dukke av ein frosk som var påkledd eit kattekostyme, og ho

tredde frosken ned over mikrofonen og eg skulle ikkje seie det høgt, men ho stakk mikrofonen

rett opp i rompa på frosken og eg såg meg rundt i lokalet for å sjå om det fannst nokre

panteistar i salen, dei som tykkjer at alle ting i verda har sjel, det kunne jo vere noko støytane å

sjå ein frosk få ein mikrofon opp i rompa, heilt utan at nokon hadde spurt frosken kva han tykte

om det. Ikkje hadde han moglegheita til å gje samtykkje heller. Men ingen i rommet såg ut til å

bry seg, og der oppe sat frosken på mikrofonen og ingen tenkte på kva han hadde å seie om

saken. Da førebudningane var ferdige kunne dei byrje å spele, og ho ropte inn i mikrofonen,

eller inn i munnen på frosken, kor mikrofonen var gjøymd. Sjølv om ho som spelte trommer

ikkje var blitt noko betre sidan sist, vart det ei heilt anna oppleving å sjå dei spele no som dei

var blitt ein trio, eller ein kvartett, om ein reknar med frosken, som fekk seg ein skikkeleg runde

med juling av ein bordtennisrackert i ein av songane som tydelegvis handla om

sadomachosisme. Songane var korte og få og eg pusta letta ut etterpå, og frosken gjorde heilt

sikkert det samme der han blei pakka ned igjen i sekken. Han låg nok der nede i mørket og

kjende på skamma og berre grua seg til neste konsert, og eg tenkte at no var eg i den samme

delen av Japan som eg hadde sett på internett.